Skip to main content

Illustrasjon: Li-Hsuan, Youwell AS

ViMo – ein enklare kvardag for barn og unge

«Kan du hjelpe meg? Eg treng ein ven?» Sosial ferdigheitstrening for elevar med Autismespekterforstyrring (ASD).

Forfattarar:
Siv Marie Øyjord, fagkonsulent – autisme i Helse Fonna HF
Ingeborg Marie Halvorsen, fagkonsulent – autisme i Helse Fonna HF

Illustrasjonar:
Li-Hsuan, Youwell as

Enkel og effektiv sosial trening i skulen med ViMo
IllustrasjonViMo er et digitalt verktøy som har som mål å vere strukturert og «komplett» i høve spesifikk sosial trening. Verktøyet er hovudsakeleg meint for elevar med ASD, men kan også bli brukt med andre elever som har sosiale og kommunikative vanskar. Det sosiale programmet inneheld 70 ferdigheiter som kan hjelpe barn og unge i å meistre sosial interaksjon og førebyggje sosiale problem.

Autismespekterforstyrring (ASD)
Når det å vere sosial kan vere vanskeleg og komplekst for alle, korleis kan vi då hjelpe elevar som har dette som grunnvanske? Elevar med ASD har utfordringar med det sosiale samspelet, den sosiale kommunikasjonen og liker at verden er oversiktleg og strukturert. «Personer med Asperger syndrom oppfatter verden annerledes enn alle andre. De synes vi andre er litt rare og vanskelige å forstå. Hvorfor sier vi ikke rett ut det vi mener? Hvorfor sier vi så mye som vi ikke mener? Hvorfor kommer vi med trivielle bemerkninger som ikke betyr noen ting? Hvorfor bryr vi oss om sosial status, hvorfor behandler vi ikke alle likt? Hvorfor har vi så kompliserte følelsesmessige relasjoner til hverandre? Hvorfor sender og mottar vi så mange sosiale signaler, og hvordan klarer vi å tolke dem på fornuftig vis?» (Attwood, 2008 s. 8).

Det å vere i samhandling og interaksjon med andre er vanskeleg for elevar med ASD, fordi vanskane deira kan vere så komplekse og omfattande: den kommunikative forståinga, den sosiale forståinga, kjensler og kjensleuttrykk og dei manglande spesifikke sosiale ferdigheitene. «I stor grad dømmer samfunnet et individ etter hvordan det ser ut, oppfører seg eller snakker. En person med Asperger syndrom har ingen særskilte, fysiske kjennetegn, men blir opplevd som annerledes på grunn av sin uvanlige sosiale atferd og sviktende evne til å føre en vanlig samtale» (Attwood, 2008, s. 31).

Vi som fagkonsulentar i Habilitering for barn og unge (HABU) i Helse Fonna HF, fekk ofte problemstillingar som: «Vi ynskjer hjelp til å styrke barnet vårt sosialt». «Vi treng rettleiing i høve sosial trening». «Vårt barn får ikkje til den sosiale samhandlinga i gruppearbeid, i klassen og i friminuttet» «Kan du hjelpe meg? Eg treng ein ven». Etterkvart som desse spesifikke problemstillingane kom, blei det meir tydeleg kor komplekst og omfattande det sosiale samspelet er. Kor skal vi begynne? Kva ferdigheiter er det barnet eller ungdommen treng trene på? Korleis er oppbygginga kring sosiale ferdigheiter? Korleis kan vi hjelpe den eleven som ynskte å få seg ein ven? Og er det sosiale viktig?

Illustrasjon«Sosial kompetanse kommer til uttrykk som vennskap og sosial aksept blant jevnaldrende og som positive relasjoner til voksne. Sosiale ferdigheiter er viktig for barn og unges integrering i jevnaldringsgrupper, og for å kunne mestre elevrollen og komme overens med voksne. Å tilegne seg sosial kompetanse er viktig for sosial inkludering i barnehager og skoler, og de som mislykkes blir ofte avvist eller oversett» (Ogden, 2011, s. 64). Det er ingen tvil om at sosial kompetanse og fokus på sosiale ferdigheiter er viktig for alle elever, og at det er naudsynt for å kunne fungere i samfunnet. Men kva då med barn og unge med ASD som har dette som ein grunn­vanske? Uro kring vener, inkludering, det skulefaglege og utvikling av psykiske tilleggslidingar kjem fram. For medan andre barn og unge lærer ferdigheiter gjennom samhandling og modellering av andre, treng elevar med ASD å lære spesifikke sosiale ferdigheiter.

Det sosiale pensumet
Dr. Jed E. Baker er forfattar og direktør for Social Skills Training Project, ein privat organisasjon som tilbyr hjelp til barn og unge med ASD og sosiale og kommunikative vanskar. Han har skrevet manualen: Social Skills Training: For Children and Adolescents with Asperger Syndrom and Social-Communication Problems.Manualen byggjer på ei lang og brei erfaring med barn og unge med sosiale og kommunikative vanskar. «Each time a student with whom I was working experienced a problem with social interaction, I set out to create an explicit lesson to help the student know what to do and say to avoid the social difficulty» (Baker, 2003 s.1). Dette resulterte i 70 spesifikke ferdigheiter. Han fann tidleg ut at dette ikkje berre var til hjelp for elevar med ASD, men også for andre elevar som har vanskar med å vete kva dei skal sei eller gjer i sosiale situasjonar (Baker, 2003). På bakgrunn av dette arbeidet har Baker laga eit kartleggingsskjema, som lærar, foreldre eller eleven sjølv kan registrere kva eleven treng å trene på. Kartleggingsskjema gjer det lettare å lage eit konkret og spesifikk pensum.

Jed Baker er opptatt av at sosiale vanskar involverer minst to personar: Den som har sosiale vanskar, og den som er i samhandling med han. «Thus, intervention must focus on teaching skills to both the student with a disability and typical peers. All too often we strive to «fix» the child with a disability and virtuallt overlook the «typical» peers who may be ignoring, teasing or rejecting the child»(Baker, 2003 s.1). Ved å gi medelevar informasjon og teknikkar om korleis dei kan kommunisere med elevar med ASD, observerer vi raskare progresjon ved innlæring av ferdigheiter.

ViMo – ein enklare kvardag for barn og unge
ViMo er ein digital plattform som kan gjer det enklare å skreddarsy eit sosialt treningsopplegg til ein elev. «Since social skills are critical to successful social, emotional, and cognitive development and longterm outcomes, best practice indicates that social skills programming should be an integral component of educational programming for all children with ASD»(Wilkinson, 2017 s. 187). Den digitale plattformen byggjer på manualen til Dr. Jed E. Baker. ViMo tek utgangspunkt i ein innlæringsmetode og tilrådde innlæringsteknikkar. I ViMo er det 70 sosiale ferdigheiter, 63 videomodelleringsfilmer, forslag til rollespel og aktivitetar, sosiale script, LEGO® based Therapy, elevtrening (korleis inkludere medelevar i den sosiale treninga), sjølvkontroll, biletserie og hugsekort.

Innlæringsmetoden
Metoden Jed Baker bruker ved innlæring av sosiale ferdigheiter er basert på Goldstein og kollegaer sin «Skillstreaming» serie. Men han har skrevet nye ferdigheiter som er meir passande for elevar med ASD (Baker, 2003). Den strukturerte innlæringsmetoden består av fire komponentar:

Forklaring, Modellering, Rollespel m/feedback og øving i naturlege settingar.

Det er viktig å tilpasse informasjonen og aktivitetane til elevar med ASD. Med det meiner vi å bruke elevane sine styrkar. Til dømes den visuelle styrken, som vi bruker ved både videomodellering, oppskrift og biletserie. Eller evna deira til å følgje strukturerte oppskrifter og konstruksjon, som blir brukt ved LEGO® based therapy. Samstundes som LEGO ofte er ei interesse og ein motivasjon for mange elevar med ASD.

Innlæringsteknikkane
Videomodellering har vist seg i praksis å ha god effekt ved innlæring av ferdigheiter hjå elevar med ASD. Det positive med videomodellering er at det er visuelt, videoen kan bli sett fleire gonger og eleven får moglegheit til å analysere kjensler og reaksjonar hjå andre. «Videomodeling has been shown to be an effective method to teach children with autism various skills. Video modeling has also been shown to be cost efficient and easily implemented across various people and settings» (Godish, 2010 s. iv). Helse Fonna HF ved Habilitering for barn og unge, har laga 63 videomodelleringsfilmar. Eleven kan anten bruke desse videomodelleringsfilmane, eller lage eigne. I praksis ser vi god effekt når eleven lager eigne videoar saman med medelevar, fordi det gjer det enklare for han å generalisere og bruke ferdigheiter i naturlege situasjonar.

Oppskrift byggjer på Carol Grey sine sosiale historier. «Metoden tar sikte på å gi personer med autisme/Asperger syndrom (og andre sosiale forståelsesvansker) viten om hensiktsmessige strategiar i sosiale situasjoner, hva som er vanlig å gjøre og hva som er lurt og gjøre (Fjæran-Granum, s. 6). I ViMo er det laga ei oppskrift til alle 70 sosiale ferdigheitene. Oppskrifta er kombinert med bilete og tekst. For å bruke den visuelle styrken til elevar med ASD.

IllustrasjonIllustrasjon

I praksis bruker vi oppskrift som støtte til forklaringa, eller som eit hugsekort som eleven kan ha med seg i naturlege situasjonar. Eit hugsekort minner eleven om å bruke ferdigheita. Oppskrift kan også bli brukt ved at lærar eller foreldre les oppskrifta saman med eleven i forkant av ein aktuell sosial situasjon.

Biletserie består av to bileter av elevar som utøver ei ferdigheit. Kombinert med tankebobler og snakkeboble, som viser kva elevane seier og tenkjer. Det eine bilete viser feil utføring, og det andre bilete viser rett utføring av ferdigheita. Biletserie blir brukt som visuell støtte, for å auke forståing av det verbale og abstrakte. «This is because visual pictures (a) can make abstract verbal concepts more concrete, (b) remain stable over time, while auditory information can be missed as students` attention flucturates, and (c) provide a more powerful means to engage attetion (Baker, 2001 s. xiii). Fordelen med å illustrere «rett» og «gal» bruk av ferdigheita, er at vi kan ha fokus på å auke den sosiale forståinga til eleven med ASD. Elevar med ASD veit ofte ikkje kva dei gjer «galt», eller kva som kan vere ein meir taktfull måte å utøve ferdigheita på.

Det er viktig at eleven får trene på ferdigheitene i trygge omgjevnadar med personar han er trygg på, før han skal ut i naturlege situasjonar. Difor har Jed Baker lagt inn Rollespel og aktivitetar. Nokon av aktivitetane er nye, medan andre er kjente aktivitetar, som han har gjort om til sosiale treningsprogram. Til dømes «tampen brenner». Instruksjonen er at lærar skal gøyme noko medan eleven er ute på gongen. Når eleven kjem inn att, skal han prøve å finne det som er gøymt, ved å analysere kjensleuttrykket til læraren. Eleven er nær når lærar smiler, og langt i frå når lærar er lei seg. Slik øver elevenpå å tolke kjensleuttrykk, og på å bruke blikket for å orientere seg og hente inn nyttig informasjon.

Sjølvkontoll er ein svært nyttig prosedyre, som vi har sett god effekt av i praksis. «One of the salient features of students with ASD is an absence of, or a poorly developed set of, self-managment skills. This includes difficuly directing, controlling, inhibiting, or maintaining and generalizing behaviors requred for adjustments» (Wilkinson, 2010 s. 115). Sjølvkontroll har vist seg å vere ein lovande metode for å lære elevane til å bli meir sjølvstendige og mindre avhengige av ekstern kontroll. Og vi ser at å lære eleven å bruke positiv åtferd, framfor negativ, kan ha effekt på det akademiske (Wilkinson, 2010). Målet med sjølvkontroll er å endre eller halde ved like eigen åtferd. Eleven blir bedd om å observere spesifikke aspekt ved eigen åtferd, og å objektivt registrere, på signal frå ein vaksen. Då må eleven vurdere om han utførte den bestemte ferdigheita på det tidspunktet som signalet kom (Wilkinson, 2010). I prosedyren blir det brukt eit skjema som registreringsutgangspunkt, men i praksis har vi nytta fleire ulike metodar for å registrere åtferd. Til dømes hadde vi ein gut som brukte eit armband. Han flytta perler kvar gong han fekk eit signal frå lærar, dersom han utførte ferdigheita på det tidspunktet. Bakgrunnen for at vi valte å bruke armband, var at han skulle registrere eigen åtferd under morgonsamling, noko som gjorde det vanskeleg å bruke eit skjema. Guten fekk lage armbandet sjølv, og valte perler som hadde favorittfargen hans.

LEGO® based Therapy er ein sosial og kommunikativ intervensjon som er basert på at tre elevar byggjer eit LEGO®sett. «The task of LEGO building is divided into different but interdependent roles, such that interaction and both verbal and nonverbal communication are necessitated by participation in activity» (LeGoff, 2014 s. 27). Ferdigheiter som er i fokus er samarbeid, felles merksemd, å dele med andre, turtaking, blikk-kontakt, verbal kommunikasjon og ikkje-verbal kommunikasjon. Rollene som elevane får er instruksjonslesar, deleansvarleg og byggjar. Reglane for gruppa er: ver tolmodig, bruk orda dine og gjer jobben din (LeGoff, 2014). Lærar si roller er å gi rettleiing til elevane om å bruke naudsynte ferdigheiter for å kunne fullføre LEGO settet. I praksis ser vi at dette har vore ein svært nyttig intervensjon. Tilbakemelding frå elevane er at dei er motiverte og gleder seg til kvar gong LEGO® based therapy er på timeplanen. Den positive effekten vi observerer er at elevane blir tryggare i andre sosiale settingar, etter at dei har delteke i LEGO grupper. I praksis ser vi at denne tryggleiken er blitt overført til friminutt og andre settingar på skulen. Eleven får gjennom LEGO® based therapy øvd på fleire spesifikke ferdigheiter i ein sesjon, og han får gjere det saman med andre elevar. Noko som vi ser aukar generaliseringseffekten i høve bruk av ferdigheiter i naturlege situasjonen.

 

Illustrasjon

I vår rettleiingspraksis har vi hatt eit aukande fokus på Elevtrening. Elevtrening inneber å inkludere medelevar i den sosiale treninga til eleven med ASD. Som tidlegare nemnd, er Jed Baker oppteken av at å inkludere medelevar kan føre til raskare framgong. «In peer-mediated interventions, typically developing children are taught to interact with children with ASD and to encourage the use of desired communicative and social behaviors (Wilkinson, 2010 s. 104). Målet med elevtrening er at eleven med ASD får fleire sosiale moglegheiter i naturlege situasjonar (Sperry, 2010). På skular der vi har innført elevtrening, er tilbakemeldinga at elevane generaliserer og opprettheld ferdigheitene betre, enn når ferdigheiter er blitt lært inn ein-til-ein med ein vaksen. Utfordringa med ei rein vaksentilnærming er at det ofte ikkje fører til generalisering. «Peer-mediated strategies are also proactive, require little teacher planning time, and can be easily adapted to the classroom (Wilkinson, 2010 s. 105). Samstundes som medelevane kan hjelpe eleven i å bruke ferdigheiter i naturlege situasjonar, gjennom å forklare, viseog skryte, kan dei også gje tilbakemelding til lærarar om eleven si bruk av ferdigheitene i naturlege situasjonar.

Hugsekort er eit kort, eit bilete eller eit objekt som skal hjelpe eleven i å hugse på ferdigheita som han trener på. Tilbake til guten som registrerte eigen åtferd med eit armband. Når han var ute i friminuttet og brukte armbandet til registrering av konverseringsferdigheiter, brukte han også armbandet som eit hugsekort. Nokre elevar har brukt bilete av favorittspelet sitt, eller ei sterk interesse. Den positive effekten av det er at kortet blir både ein motivasjon og ei påminning.

Avslutning
Forsking viser at sosial trening som er planlagt og strukturert, resulterer i positiv effekt i sosial interaksjon hjå elevar med ASD (Wilkinson, 2017). ViMo har som mål å vere eit strukturert og «komplett» sosial ferdigheitstreningsverktøy, der alle kan planlegge, strukturere, gjennomføre, registrere og evaluere trening på spesifikke sosiale ferdigheiter.

Vår erfaring er at det finst mange gode teknikkar som kan hjelpe elevar med ASD å lære og trene på sosiale ferdigheiter. Vi har samla det vi har hatt positiv effekt med. Målet er at ViMo skal vere eit levande produkt, som vi heile vegen skal arbeide vidare med, både digitalt og fagleg. Vi håper at å ha samla innlæringsmetode og teknikkar som er tilpassa elevar med ASD, vil lette arbeidet kring sosial trening i skulen.

Social skills training is an evidence-based intervention/practice with both preventive and remedial effects that can help reduce the risk for negative outcomes not only for children on the autism spectrum but for all children (Wilkinson, 2017 s. 189).

ViMo er utvikla med midlar frå Regionalt fagmiljø for autisme, ADHD, Tourettes syndrom og narkolepsi i Helse Vest, Stiftelsen DAM, Helse Vest, Helse Fonna, Innovasjon Norge og Youwell AS.

Referanseliste

  • Attwood, Tony (2008). Asperger syndrom – en håndbok for foreldre og fagfolk. N.W. Damm & Søn
  • Baker, J. (2003). Social Skills Training. For Children and Adolescents with Asperger Syndrome and Social – Communication Problems. Autism Asperger Publishing Company.
  • Fjæran-Granum, T. (2007). Sosiale historier. Spiss Forlag
  • Godish, Danielle. (2010). Evaluation of Video Modeling for Teaching Abduction Prevention Skills to ChildrenDiagnosed With Autism and Aspergers Disorder. Graduate Theses and Dissertations. https://scholarcommons.usf.edu/etd/1644
  • LeGoff, D.B., Gomez de la Cuesta, G., Krauss, G.W. and Baron Cohen, S. (2014). LEGO© – based Therapy: How to build social competence through LEGO© - based Clubs for children with autism and related conditions. London, UK: Jessica Kingsley Publishers.
  • Laurie Sperry, Jennifer Neitzel & Katie EngelhardtWells (2010) Peer-Mediated Instruction and Intervention Strategies for Students with Autism Spectrum Disorders, Preventing School Failure: Alternative Education for Children and Youth, 54:4, 256–264, DOI: 10.1080/10459881003800529
  • Ogden, T. (2011). Sosial ferdighetsopplæring for barn og unge. Tidsskrift for Norsk Psykologforening, 48, 64–68.
  • Wilkinson, L.A. (2010). A Best Practice Guide to Assessment and Intervention for Autism and Asperger syndrom in Schools.